Vil du vera med å støtta ungdomsarbeidet?

Vil du vere med å støtta ungdomsarbeidet i Forsand?

 

Ungdomane treng trygge og  gode fellesskap, der dei kan bli bevart og veksa i trua på Jesus.

I dette trengs medarbeidarar som kan vera gode støttespelarar gjennom praktisk tilrettelegging, forbøn og økonomisk støtte.

Ønskjer du å hjelpa til praktisk, ta kontakt med Michael på tlf. 92310289. Ønskjer du å støtta økonomisk finn du det om du skrollar nedover...

Michael Skappel  Zülow er  ungdomsdiakon i  30%  stilling i Forsand.  25% er knytt direkte til ungdomsarbeidet her, 5% er knytt mot Strand vgs der  Michael er ein dag i veka. Stillinga er ein del av ei samarbeidsstilling med Strand sokn

Finansieringa av stillinga er eit fellesprosjekt for kyrkja og organisasjonane på bedehuset,   

Sidan stillinga er løna av innsamla midlar, treng me mange med på laget for å klara økonomien. 

 

Korleis gi?

1.Gi eit fast beløp i månaden. Dette ordnar du sjølv i nettbanken, eller ta kontakt med banken din. Kontonr: 3350.10.09313.

2.Sette inn ei enkelt gåve på  konto: 3350.10.09313.

3. Du kan gi ei enkelt gåve på Vipps 106774 – «gåve til ungdomsarbeidet»

NB: Merk gåva med «ungdomsarbeid» og kven gåva kjem frå, slik at me får registrert gåva på rett gjevar og prosjekt.

Skattefrådrag
Gåve til ungdomsarbeidet kjem inn under skattefrådrag til frivillige organisasjonar, grensa er pr. i dag kr. 50.000,-

 

 Takk til alle som vil vera med!

 

 

 



Del denne artikkel på e-post