No kan me ønskja velkommen tilbake til kyrkja igjen!

 

 I sommar er det 28. juni og 19. juli i Forsand. 9. august blir det gudsteneste i Lyse kapell.

 

Utanom gudstenestane vil det vera Ope kyrkjetorg kvar måndag frå kl. 10-14 

 

Smittevern-rutinar i Forsand sokn:

Alle som deltek på samlingar i kyrkja har ansvar for å følga smittevernreglane:

  • hald deg heime om du er sjuk
  • hald ein meter avstand til andre
  • vask hendene ofte og bruk handsprit v/inngangen
  • hoste/nyse i papir eller i armkroken
  • ikkje ta på inventar og utstyr meir enn du treng

Alle arrangement må ha smitteansvarleg som skal:

  • sørge for at deltakarar kjenner smittevernreglane
  • sørga for at alle berøringspunkt blir vaska før og etter arrangement
  • berøringspunkt: dørhandtak, lås, armlene, stolar, bord, toalett, vask, og anna utstyr som har vore i bruk

 

Takk for at alle gjer sitt for at kyrkja skal vera trygg og smittefri!

 

Meir info vedr. Koronaepedemien kan du lesa her:  Sandnes kyrkjelege fellesråd

 

 

 

 



Del denne artikkel på e-post