Saturday, January 28, 2012

Aktuelt
Del 1 Bibelhelg fredag Anfinn Skaaheim
Del 2 Bibelhelg fredag Anfinn Skaaheim
Anfinn Skaaheim Inn til Kristus Del 1
Anfinn Skaaheim Inn til Kristus Del 2
You Need to Upgrade Your Flash Player
You Need to Upgrade Your Flash Player



i kyrkja
Konsert med Kristina Jølstad Moi 19.02.12 7:30 PM

Konsert med Kristina Jølstad Moi

2/19/2012 7:30 PM

Konsert med Kristine Jølstad Moi



på bedehuset...
       


Utbyggingsplanar for Forsand kyrkje
Image: Utbyggingsplanar for Forsand kyrkje

Forprosjekt for tilbygg til Forsand kyrke blei presentert på orienteringsmøte 17.november. Her fekk me presentert prosjektet som er tenkt å løysa dei utfordringar som kyrkjebygget har i forhold til kyrkjelydsarbeid i dag.

  Read More...

BARNEKOR
Image: BARNEKOR

MINIFUTT

 

Øving:      kvar mandag

Tid:          kl. 17.00 - 18.00

Stad:        Forsand bedehus

Alder:       Frå 3 år og opp til skulealder

 

Kom og bli med i kor!

Vi synger kjekke sanger med fart og bevegelse!

 

 

Helsing

Guro H Fløysvik og Kjersti Rettedal

  Read More...

Valgresultat Kyrkjevalet
Image: Valgresultat Kyrkjevalet

30% valdeltaking på kyrkjevalet i Forsand mot 28% ved sist val.

Vald inn i det nye soknerådet er:

  Read More...

"Ta vare på deg sjølv og andre"

Fermate Rogaland vil ha kurs på Forsand denne hausten.

Fermate Rogaland er ei stifting med tilknytning til Normisjon og Diakonova.

 

Kurset vil vera til hjelp i kvardagen, både for deg sjølv og deg  i møte med andre.

Kurset tar opp tema som

  • Gudsbilete og identitet
  • sorg
  • kommunikasjon
  • Tilgjeving
  • vandring med kvilepuls
  • meg i møte med dei eg møter i kvardagen

 

 

  Read More...

Kyrkjevalet 2011
Image: Kyrkjevalet 2011

 

Trykk på lenka nedanfor og finn informasjon om soknerådslista i Forsand, kor du kan stemma og om kandidatane til bispedømmerådslista for Stavanger

 

www.kirkevalget.no/event/parish/ORGNR/976993713

  Read More...

Page 1 of 3First   Previous   [1]  2  3  Next   Last   
imgmenu

Forsand kyrkjelyd
Kommunehuset
4110 FORSAND

Telefon: 51700171

Send E-post
forsand.kyrkja.no

Andakt


Dagens bibelord
Meir om...

Dagens bibelord


Kyrkjekontoret


Dåp


Konfirmasjon


Bryllup


Gravferd


Ein å snakke med


Kyrkjegarden


Forsand kyrkje


Kyrkjekontoret held til i kjellaren på kommunehuset. Prest, organist, kyrkjeverge og kyrkjelydsarbeidar har sin kontorplass her. Me som jobbar her har kvart vårt arbeidsområde, men fungerer òg som team der for eksempel planlegging av gudstenester alltid er noko me gjer felles. Elles er folket her litt på farten rundt i soknet, men me prøver å ha ein på kontoret til ei kvar tid.

Ønskjer du å bestille dåp så ta kontakt med kyrkjelydsarbeidar eller prest. I Forsand er som regel alle gudstenester opne for dåp, men sjølvsagt er det enkelte gudstenester som passar betre enn andre. Når dato er bestemt, vil presten ta kontakt for eit heimebesøk før dåp. Dersom de heller har lyst å koma her på kontoret er det greit.

Alle elevar i 8 klasse vil i slutten av skuleåret få invitasjon til å vera med på konfirmantførebuingar.
Soknerådet i Forsand ønskjer at ”konfirmantåret skal hjelpe konfirmantane til å vekse i trua og lære Jesus betre å kjenne”. I strategiplanen for kyrkjelydens arbeid heiter det vidare at ein ønskjer ”eit konfirmantopplegg som er både relevant, utfordrande og allsidig”.
Det at konfirmantopplegget skal vere relevant. inneber at det konfirmantane er med på, skal kommunisere på ein forståeleg måte, og at ein ønskjer å møte konfirmantane der dei er.
Samtidig er det ønskjeleg at konfirmantopplegget utfordrar konfirmantane til å reflektere over eigne meiningar og haldningar. Det vil og vere viktig at konfirmantopplegget er allsidig,og at konfirmantane får ta i bruk heile seg.

Prestegjeldet har ein koordinator når det gjeld vigsel, datoar o.a.

 

Ta kontakt med Liv Åse Gard tlf. 51 74 11 30 på Strand kyrkjekontor når du/de vil bestille vigsel.

 

Vigsel i Forsand kyrkje er gratis, med mindre ingen av brudefolka bur eller har foreldre som bur i soknet.

 

Les meir om vigsel i kyrkja på www.kyrkja.no

Ved dødsfall er det mest vanleg å ta kontakt med eit gravferdsbyrå. Dei vil då ordna det praktiske rundt gravferda. Dersom det er nskjeleg kan familien ta seg av dette sjølv. Ta kontakt med kyrkjevergen for informasjon.

 

Les meir på www.kyrkja.no

Ønskjer du samtale med prest er det lurt å avtale på førehand. Ring presten på mobil, eller kontortlf. så finn de tidspunkt som passar for begge.
Elles kan me informere om at alle som arbeider i kyrkja har taushetsplikt.

Har du spørsmål vedr. kyrkjegarden er det kyrkjevergen som er den beste til å svara på dei.
Ønskjer du stell av graver går det an å bestille hos oss. Arbeidet blir utført av uteseksjonen på teknisk drift

Kyrkja blei bygd i 1854. Mykje av reisverket blei hogd med øks - det meste truleg utført av Nils Lyse


Kyrkja er rektangulær - typisk stilart for denne tida.
Opphaveleg var kyrkja umåla, utan elektrisk straum og orgel. Seinare fekk kyrkja belgorgel og koksomnar.


I 1931 fekk kyrkja ny altertavle og måleri rundt preikestolen. Dette er måla av Frank Wathne
I 1952 fekk kyrkja elektrisk straum. Nytt orgel vart innvia i 1955.
I 1992 blei det bygd nytt bårehus og laga parkeringsplass.

 

I 2004 blei det gjort omfattane ombygging inne. Det blei sett inn nytt orgel framme i koret, koret blei større og preikestolen blei senka og flytta inn til veggen. Preikestolen blei òg endra tilbake meir slik den var før 1931. Måleria blei tatt bort og det gamle korset som var malt rett på preikestolen kom fram igjen. Alt arbeidet blei utført før 150 års jubileet til kyrkja som var 14. november


Linkar
Privacy Statement  |  Terms Of Use
Powered by LabOra - Agrando AS